Eli Mai Huang Nesse takker for seg
Publisert 1. desember 2022
Sist oppdatert 1. desember 2022
Eli Mai Huang Nesse takker for seg etter en måned som GjesteMentor i november. Hun trekker frem verk av Dennis Sørvik og Alma Edit Hauge.
![News article image](https://trafo-production.s3.amazonaws.com/sorlcache/5d/40/5d40cfb4a59b50e19fe6466b6496d2c2.jpg?X-Amz-Algorithm=AWS4-HMAC-SHA256&X-Amz-Credential=AKIAW7D3AOXN4WLMN2L7%2F20250210%2Feu-central-1%2Fs3%2Faws4_request&X-Amz-Date=20250210T163244Z&X-Amz-Expires=3600&X-Amz-SignedHeaders=host&X-Amz-Signature=035bb56ee0f0dc9658d136a025d8791a9c7bb83b0486a5a9eafd14038dc4a47c)
Å vere gjestementor på Trafo har vore rart, gøy, utfordrande og lærerikt. Tusen takk for at eg har fått eit innblikk i så mange spanande kunstnarar sin praksis. Kunst er noko eg elskar å å jobbe med, reflektere kring og snakke med andre om. Likevel er det ikkje så ofte eg setter meg ned, bruker tid på å studere og formulere skriftlege tolkingar. Nettopp dét har vore ein dyrebar erfaring for meg.
Den første dagen poppa det inn fleire bidrag berre på eit par timar. Eg merka fort at eg ikkje fekk tid til å kommentere på alt, sjølv om eg eigentleg ville det. Hovudfokuset mitt vart deretter å gi grundig tilbakemelding og forklare meg på ein forståeleg og begrunna måte. Eg trudde at eg kom til å bli raskare etterkvart, men endte opp med å bruke lenger og lenger tid per verk. Noko som kan vere bra, fordi eg gjekk djupare inn i dei, men det gjorde også at eg fekk mindre tid til å kommentere på andre gode bidrag!
![](https://prod-trafo-no.s3.amazonaws.com/sorlcache/19/84/1984b8106dddf736c78b3fc6a43f7d5d.jpg)
Uten tittel av Dennis Sørvik.
Å aldri møte eit einaste menneske fysisk har vore litt rart. Det er fleire av bidraga eg skulle ynskje eg kunne høyre litt meir om. Slik som kva dykk har vore opptatt av då dykk laga det og kva dykk har prøvd på (skriv gjerne om dette i informasjonsboksen!). I blant tenkte eg at eg skulle ynskje eg berre kunne spør i person og bli betre kjent med dykk. Samtidig tenkjer eg at det er akkurat dette som er fordelen med ein internettplattform. Som gjestementor veit ein veldig lite om dykk som personar og kan tolke det ein ser med eit ferskt og upåverka blikk.
Mine tips til korleis ein kan få meir og betre tilbakemelding er å svare på dei kommentarane ein får, gjerne med oppfølgingsspørsmål. Då kan ein som gjestementor få betre forståing på kva dykk tenkjer og lurer på og ein kan komme med meir presise svar. Det er også lurt å ta tilbakemeldinga i eigne hender. Med det meiner eg at dykk kan skrive om verket i informasjonsboksen. F.eks. kva dykk er fornøyd med og ikkje, kva dykk lurer på og kva dykk ynskjer tilbakemelding om.
Skjermdump fra Tid av Alma Edit Hauge.
Å følgje med på utviklinga til Dennis Sørvik har vore veldig kjekt. Etter det eg kan sjå på nettsida, er dette med å jobbe tredimensjonalt og eksperimentelt med overflater for maleri og teikning noko nytt. Det er ein spanande retning som har mykje rom for vidare utforsking. Alma Edit Hauge har stadig overraska meg med å legge ut eit vidt spekter av medium og uttrykk. Eg er spesielt imponert over arbeidet Tid og håper Alma skal jobbe meir med film.
Ein månad er både kort og lang tid. Det har vore så fint å titte innom her kvar dag og sjå så mange fine og imponerande bidrag. For ein gjeng! Det blir spanande å følgje med på kva dykk finner på i framtida. Takk for meg.
Beste helsing,
Eli Mai Huang Nesse