Hanne Kolstø takker for seg

Publisert 30. november 2021

Sist oppdatert 1. desember 2021

News article image

Hanne Kolstø takker for seg etter en måned som gjestementor i november. Hun utfordrer både brukere av Trafo, og Trafo selv, til å være mer aktiv i kommentarfeltene. Del gjerne tanker om dette temaet i kommentarfeltet under!

Takk for orda, målestrøka, eksponeringa, filmane, hjarta, sinnet, tankane, blyantkvesset, grumset, gleda, vitskapen, redselen, og saknet.
Takk for at dokke tør å gå inn i dei vanskelege krokane av livet, og for at dokke er så modige og delar av det dokke finn.

Når eg les kva tidlegare mentorar har skrive i sine oppsummeringsteksar, er det ein ting som går igjen: eit stort ynskje om at dokke skal bli betre til å kommenter på andre sine verk. Sidan dette ikkje har vist seg å hatt noko særleg effekt tidlegare, prøvar eg ei anna tilnærming:
Kjære Trafo: kva kan DOKKE gjere for at medlemmane skal tørre å kaste seg ut i kommentarfeltet?

Her eit par forslag, «on top of my head»:

Arrangere faste fysiske treff, f.eks kvar månad, der medlemmane kan møte kvarandre, få ein matbit, og kanskje eit møte med månadens mentor/få servert eit kunstnarisk innslag/ ein medlem kan presentere seg, og arbeidet/ masterclass e.l.

Kanskje kan det i tillegg til ein gjestementor, vere ein medlemsmentor, som óg har i oppgåve å kommentere på andre sine verk. Dette for å øve opp kommentarmuskelen. Her har ein muligheit til få ein interessant «samtale» mellom gjestementor, og medlemsmentor i kommentarfeltet.

«Kræsjkurs» i korleis kommentere kunst. For kanskje mange er redde for å seie noko «feil», og har ikkje fått høyre det nok at ingenting blir feil! At alle sine tankar, og meiningar om eit verk er like viktige. Det kan kanskje vere litt utfordrande for nokon å skulle kommentere, etter at ein «proff» gjestementor har brukt eit språk ikkje alle er van med. Kva kan ein gjere for å få bukt med dette?

Til fleire av dei medlemmane som har lagt ut tekst denne månaden, har eg gjeve rådet: VIS, ikkje forklar. Kanskje kan det same gjelde for Trafo. Kan Trafo VISE medlemmane i større grad korleis dei kan hoppe ut i kommentarfeltet. Kan Trafo VISE medlemmane korleis skape kontakter, slik dei ikkje berre blir forklart kor bra det kan vere, men erfarar det? Eg håpar dokke tek utfordringa!

Til slutt vil eg berre minne om at alle har talent, men det er arbeidet du legg ned i talentet som gjer at kunstnarskapen din kan bli til noko. Kvar ein time tel. Livet ut. Så stå på!

Alt godt, og takk for meg
Hanne