Kunstner Rune Furelid oppfordrer deg til å gå ut og gjøre verden utrygg i sin gjestementor-oppsummering.
Ein av bieffektane ved å være i konstant flow er at tida, eller opplevelsen av tid blir veldig abstrakt. At det har gått ein heil månad er ikkje poenget, det eg vil fram til er prosessen og opplevelsane denne månaden.
Eg hadde ein forventning når august byrja. Eg skulle få brukt meg sjølv og eg tippa at det var eg som kom til å lære mest denne perioden.
Blei det slik?
Eg hadde aldri jobba med monotypi. Faktisk hadde eg aldri høyrt om monotypi. Og i dag har eg altså støpt mi eiga geleplate! Eg har laga mitt eige utstyr og er alt i gang med mine første trykk.
Eg blei blåst av bana når eg såg bildet ”Rom 1” av Agnes Guttormsgaard. Det er ikkje særleg kult å banne men wholly shit! Det bildet er heilt sjukt! Eg har alltid lurt på korleis du får eit bildet til å skildre den kjensla du får når du les Franz Kafka og Agnes, ja ho viste meg nettopp det.
Frida Vige Helle provoserte fram følelsen av å bli brukt på ein måte eg aldri har sett før gjennom sine fotografi. Samarbeidsprosjektet hennar er berre heilt rått!
«Profit from this poor ass, daddy» fra profilen til Frida Vige Helle
Tuva Vik sine brilliante tekstar satt saman med Munch sine bilete. For ei oppleving. Liv Csilla Wallaces heilt rå maleri og ekstremt bevisste tilnærming til billedkunsten. Imponerande! Rett å slett. Anna Rogneby som ikkje skubbar inn skuffa men sparkar den inn! Eg meinar wow! Snakk om å treffe spikern med slegge. Eg blir fylt med håp for framtida når eg ser slike arbeid med slikt eit fokus som er så utruleg viktig i det samfunnet vi har skapt oss i dagens Norge. At Anna sitt samarbeidsprosjekt no har blitt fotobok gir meg stor glede å lese!
Det er trist at vi lev i tid der vi har galleristar som sitt portvakt og bestem kven som skal få lov og kven som ikkje skal få lov til å stille ut kunst. Til det har eg berre ein ting å seie:
Her på trafo er det så mange bra folk som har så utuleg mykje bra pågang at folkens!! Fuck it! Om ingen skjønnar kor bra det dåkke har laga er, så gå egne vegar, skap dykkar eiga verd med eigne reglar!
Kjartan Slettemark (frå Naustdal!) gjekk inn på eit renommert kunstmuseum i Stockholm og la arbeidet sitt rett ned på golvet! Her skulle han stille ut, ferdig med det! Han tok det offentlege rommet og gjorde det til sitt. Han var synleg i gatene med installasjonar og performance art. Kjartan ga fullstendig faen og til slutt måtte dei berre ta han seriøst.
Det er denne ånda eg ønskjer å sende vidare til dykk her på trafo! Gi meir faen! Ta rommet! Ta plass! Ikkje vent på at nokon skal komme til dykk!
Ikkje kom å fortell meg at strekane og klattane dei kastar på lerretet i New York, fotografia som blir teke, skulpturane og installasjonane, som blir prisa til millionar av dollar, har meir kunstnarleg verdi enn mange av arbeida eg har sett her på trafo!
Ja det er mange grunnar til at kunstmarknaden er slik den er og det kan vi diskutere ein anna gang, for poenget som eg vil blåse gjennom til dykk her på trafo er:
Les alt dykk kjem over! Studer teknikkar! Utforsk og produser masse!! Og vær fullstendig uredd når du jobbar!! Ikkje la nokon som helst sette begrensningar for dykk!
Når eg byrja som kunstnar blei ledd av og ydmyka når eg skulle prøve å få vist fram det eg laga. Dei etablerte galleria var ikkje eingong interessert i å sjå arbeida mine. Avslag på avslag! Så eg tok sparepengane mine og opna eige galleri. Resten er historie, men i sommar solgte eg for rundt ein halv million på eine utstillinga og eit stort hotel kjøpte nyleg eit maleri på 2,5 meter som skal henge i lobbyen til skue for alle OG eg fekk være mentor hjå Trafo! Dette hadde ikkje skjedd om eg hadde lytta til kritikken, då ville eg mest truleg gitt meg for lenge sidan.
Eg vil gjerne få takke alle som har sendt inn bidrag på trafo i august. Eg har lært utruleg mykje om alt frå kunsthistorie, teknikkar, uttrykk, medium og ikkje minst at framtida til Norsk kunst ser meget lys ut!
Håpar dykk går ut der og gjer verden utrygg og gir fullstendig faen i dei som forsøkar å bremse dykk!
Glad i dykk alle!
Beste helsing,
Rune Furelid