
Mette Karlsvik og Rune Hjelmås har funnet sitt vinnerbidrag
i den åpne og litt sprelske konkurransen
Intervju. Hederlig omtale går til
Selvisk portrettintervju av
Gurk. På en finfin tredjeplass finner vi
Lysgaards akrylbilde Åtte år og lei
av livet. Nesten opp på pallen rakk
MariM `s Grafisk
Samtale. Men vinneren er ting som
ligger bak henne dukker plutselig opp
igjen av
Julefortellinger! Vi
gratulerer!!! Under finner du svært utfyllende jurybegrunnelser, og noen tips
på veien videre.
Konkurransetekst
Denne gangen har vi invitert to av våre trofaste mentorer til å lage en konkurranse for oss. Mette Karlsvik og Rune F. Hjemås utfordrer Trafo-folket til å utforske intervjuet.
Rune (RFH) og Mette (MK) sitt ved skrivepulten sin. Dei skriv på datamaskina si. Det kjem ein epost til dei. Den er frå Trond. Han spør: Vil de lage ei konkurranse for Trafo i lag?
MK: Ja, vil vi det?
RFH: Det er klart vi vil det!
MK: Ja, det er faktisk heilt klart. Vi sitt heilt klare til å ta i mot bidrag. Kva seier du til å ha tema "intervju" for konkurransa?
RFH: Det synest eg er ein god ide! Intervju er jo noe vi driv med heile tida når vi snakkar med folk. Kunsten blir vel da å velje eit utsnitt av dette, og gi det ei form som gjør at det blir spennande?
MK: Kunsten blir å kutte seinare. Absolutt. Det er litt det same som denne samtala som du og eg har no. Vi får bare la det komme som det kjem, og skrive, og ikkje legge ein einaste finger i mellom, eller kva heiter det, når ein ikkje legg noe i mellom?
RFH: Men du seier "skrive", vi vil vel gjerne at trafomedlemmane skal finne andre måtar å tolke oppgåva på også?
MK: Klabbert! Dei kan bruke kva uttrykk dei vil. Og på same vis kan dei velge om dei vil bruke intervjuet som metode eller form. Var eg tydeleg no?
RFH: Veldig tydelig.
MK: Kuli. Og kva skal vi gi dei i premie?
RFH: Ein premie som er morosam å få og å gi. Kva med ein pakke med massevis av fine bøker og DVD'ar?
(MK: Som Paris Review Interviews, Brenn Ned Skiten, Intervju av Frank Lande, og intervjubøkene til Alf van der Hagen, og filmen Nixon?)
MK: Ja! Eller iPod nano 8GB med opptakar.
RFH: ...
MK: Ein middag for to på Grand, med ein øl og ein dram. Som Ibsen alltid bestilte då han var der og snakka med journalistar?
RFH: Ein barnemeny på Grand, med pølse og brus, meiner du?
MK: Ein av disse. Dei får velge sjølv. Eg blir svalten.
RFH og MK går til kjøkkenet. Dei lagar sesongmat. MK skal til å skjære ein sopp på måten ho alltid skjær ein sopp. Ho stoppar, og spør RFH om korleis ein best skjær ein sopp. "Med ein veldig skarp, og relativt lang kniv. Med korte, bestemte kutt," svarar han.
Kva skjer om du spør om ting? Om du spør postmannen om kva post han har? Vaktmeistaren om kva han eigentleg vaktar? Stikkordet for denne konkurransa er "intervju". Korleis du brukar intervjuet er altså opp til deg - du kan snakke med noen du trur har noe spennande å fortelje, du kan intervjue deg sjølv, du kan intervjue noen som ikkje finst i verkeligheita. Du kan intervjue eit land, eller ei avis, eller eit intervju. Resultatet kan vere ein skulptur, ein song, ei teikneserie, ei fanzine, eller eit art performance stunt kor du "walraffar" din veg inn i Se og Hør og blir under cover journalist som undergravar vekebladet. Hovudsaken er: Ver kreativ - vi er ikkje norsklærarar! Og så snart soppen er stua og spist, så sitt vi igjen ved skrivepulten vår, og er klare til å ta i mot og høyre, sjå, lese og diskutere det som du sender inn.
Mette Karlsvik er forfatter og kommer i høst med sin fjerde bok, barneboken "1-2-TRE". Hun har bachelor i billedkunst fra Glasgow og har jobbet som journalist i en rekke aviser, senest Dagens Næringsliv og Morgenbladet.
Rune F. Hjemås er forfatter og ga i høst ut sin andre bok, novellesamlingen "Indianarar". Han har jobbet som forlagskonsulent, og driver bloggen jegborher.net, der han intervjuer folk han synes er flinke.
Noen nettressursar:
http://www.theboringstore.blogspot.com
http://www.trafo.no/medlem/runeh/
http://www.trafo.no/medlem/mtte/
http://no.wikipedia.org/wiki/Intervju
http://www.flammeforlag.no/kjor-opptak/
http://www.morgenbladet.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20090717/OBOKER/2348184 14
http://www.morgenbladet.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20090814/OBOKER/1282081 4
Frist for innsending av bidrag er 31. oktober
Vinneren stikker av med en iPod Nano 8 GB


