Vinner av Tett Portrett: Chacon

Totalt 116 bidrag

Om prosjektet

Eitt bidrag stakk seg ut i Trafo sin sommarkonkurranse “Tett Portrett”. Både på form, (sidan det ikkje var eit portrettfoto …) og på innhald.

Vinnaren er ei livshistorie, skildra rett fram. Den startar med ein fødsel på ei trapp i Valparaiso i Chile, og går frå det språklege biletet “sette spor i historien” til eit heilt konkret bilete: at den ugunstige fødselen gir babyen skrapemerke på hælane. Verda set spor i hovudpersonen lenge før han får setje spor i verda.

Det er ikkje nok å ha triste ting å fortelje. Historia dveler ikkje ved triste detaljar. I staden går historia effektivt fram, slik historier gjer når dei er sanne og treng å kome til poenget fortast mulig. Formuleringar som “hans mørkebrune og intense øyne vitnet om at han var klar for livets utfordringer” er vanlegvis ikkje av mine favorittar. Å seie at fasongen på augene til ein baby vitnar om noko som helst, er, vel, i beste fall romantisk, og i verste fall tull og tøys. (Mange rett så flotte folk såg ordentlig dumme ut som baby.) Men uansett lar eg meg suge med, ikkje minst fordi den overdådige romantikken i historia blir forståeleggjort og balansert ut av virkeligheita sine detaljar. Og eit poetisk bilete eg aldri før har høyrt, dukkar opp. Umogleg å gløyme: Halve appelsiner …

Det er ei glede for Trafo og meg å peike ut Chacon sin “Den ekte helten” som vinnar.

Helsing Øystein Runde

Her finner du et intervju med vinneren Camila Chacon Fernandez.


Bidrag i konkurranse Vinner av Tett Portrett: Chacon

Vis «Marianne Bryntesen»

Marianne Bryntesen
Av Pucko
Lagt til 16.09.2009

Vis «røkelse»

røkelse
Av Pucko
Lagt til 16.09.2009

Vis «Familieportrett»

Familieportrett
Av neversay
Lagt til 30.08.2009

Vis «Never give up»

Never give up
Av Lars Kristian
Lagt til 25.08.2009

Vis «Gode minner»

Gode minner
Av Lars Kristian
Lagt til 25.08.2009

Vis «Free girl»

Free girl
Av Lars Kristian
Lagt til 25.08.2009

Vis «Jostein»

Jostein
Av Asor Ave
Lagt til 24.08.2009

Vis «Ivan/stein»

Ivan/stein
Av Asor Ave
Lagt til 24.08.2009

Vis «Fly/hjemkomst»

Fly/hjemkomst
Av Asor Ave
Lagt til 24.08.2009
3 favorittmarkeringer

Vis «myself_by_pinkjoergen»

myself_by_pinkjoergen
Av Jorgifm
Lagt til 24.08.2009

Vis «Papi»

Papi
Av Chacon
Lagt til 24.08.2009