TRAFOPROFIL: Blueprinted

Kristina Leganger er ein særs aktiv poet. I ein alder av 20 år har dikta hennar nådd langt i mange konkurransar, mellom anna har ho vunne avisa Dagbladets konkurranse Skolekammeret og Diktkammeret fleire gonger.


ANDRE ARTIKLER I DENNE SERIEN

TRAFOPROFIL: Piper - 27. juni 2011

TRAFOPROFIL: Markus Vad Flaaten - 9. april 2011

TRAFOPROFIL: Epleslang - 6. februar 2011

TRAFOPROFIL: Benjamin Loeb - 7. desember 2010

TRAFOPROFIL: fiolina - 9. november 2010

TRAFOPROFIL: Mokinzi - 15. september 2010

TRAFOPROFIL: Stroszek - 24. august 2010

TRAFOPROFIL: Blueprinted - 14. mai 2009
TRAFOPROFIL: Magnus Guyra - 27. april 2009

TRAFOPROFIL: guroURO - 10. mars 2009

TRAFOPROFIL: Asor Ave - 8. januar 2009

TRAFOPROFIL: Simon Eriksen Valvik - 12. desember 2008

TRAFOPROFIL: midskills - 17. november 2008


Les også: Blueprinted debuterer på Samlaget

Heilt sidan bergensjenta Blueprinted fekk taket på blyanten har ho skrive mykje. Faktisk så mykje at ein barneskulelærar gav henne beskjed om å ikkje skrive så langt og bruke så vanskelege ord. I 12-årsalderen tok ho det eit steg vidare, og skreiv sine første poetiske tekstar.

- Eg har alltid prata frykteleg mykje, og trur det at eg har skrive har vore den einaste måten å ikkje gjere omgjevnadene mine sprø, sier Kristina sjølv.

VENTAR IKKJE PÅ ORDA
Frøken Leganger er ikkje blant dei som går og ventar på at orda skal dukke opp, men går heller aktivt ut og finn dei.

- Om ein berre sit og ventar trur eg ein fort kan vente lenge, seier Kristina. Måten ho finn orda er ved å vere enormt merksam på alt som finnes kring henne, og leite etter ord som skildrar omgivnadene.

- Eit bord er ikkje berre eit bord, det finnest sikkert uendeleg mange av dei, og eg trur det er når ein legg merke til desse detaljane og kanskje lurar på kvifor ting er som dei er, at ein kan finne orda, seier ho.

LEIKAR MED RØSTER
20-åringen har eit variert uttrykk, nyttar fleire sjangrar, og leikar seg med fleire ulike litterære røster. Ho fortel at ho opplev det å skrive som ein leik med desse stemmene, som ein måte å nærme seg tinga og historiene på, men og som ein måte å nærme seg sjølv på.

- Skjønnlitteraturen opererer gjerne i gråsona mellom fakta og fiksjon, mellom biografien og fantasien. Eg likar at han er der, i gråsona. Det gjer det så mykje meir spanande, seier ho.
Men den gryande forfattaren vegrar seg for å leggje for mykje føring på kva dikta hennar krinsar om.

- Mi tolking eller lesing vil bli privat, og kan innskrenke andre si lesing, seier ho.

FRI RADIKAL
Kristina er og politisk engasjert, og sjølverklært feminist. For to år sia skreiv ho eit lesarinnlegg i Dagbladet om temaet, som utløyste ein debatt og til slutt endte på framsida av avisa. På bloggen sin Grapecityjuice kallar ho seg ein fri radikaler, noko som tyder at ho plasserer seg eit stykke ute til venstre, utan å vere knytt til noko parti. I tillegg er ho ein aktiv forkjempar for Ivar Aasens livsverk. Då ho gjekk i andreklasse på vidaregående bytte Kristina til nynorsk, og i dag er ho leiar for Studentmållaget i Oslo. Men ho er ikkje utan vidare med på at målføret har noko å seie for måten ho skriv på.

- Språk er identitet, og det er klart at i litterære tekster kan det å vere medviten på dette vere ei styrke. Eg ikkje trur dikt blir betre som dikt i kraft av å vere skrive på nynorsk. Men å vere medviten på språk, det trur eg kan gjere at ein skriv betre, sier ho.

INGEN PLANER
Førebels har livet tatt Kristina fra Bergen til Oslo, der ho studerer filosofi og litteratur. Vidare puslar ho med tanken på å ta tverrfaglige kjønnstudier. Men utover dette er planene vage.

- Om det er noko eg manglar så er dei ein plan. Heller enn det har eg vel mange ballar i lufta. Så får ein sjå. Så lenge det er moro og givande er det jo berre å skrive, skrive, skrive, og sjå kva det blir av det, seier Kristina Leganger.


Publisert for 3 år siden av Kristin Øygarden

Kommentarer

  1. avatar for mtte
    1 mtte 3 år siden

    skriv bra. har nydeleg stemme også!

  2. avatar for kristianshggernes
    2 kristianshggernes 3 år siden

    Har ikke hørt den fysiske stemmen, men den litterære er svært imponerende.

  3. avatar for mtte
    3 mtte 3 år siden

    to sider av same stemme; gode å vere i både i det fysiske og meir abstrakte rommet.

  4. avatar for tronda
    4 tronda 3 år siden

    grattis kristina!

  5. avatar for blueprinted
    5 blueprinted 3 år siden

    neimen, takk, alle! smil!