Intervju-vinneren er kåret!

Mette Karlsvik og Rune Hjelmås har funnet sitt vinnerbidrag i den åpne og litt sprelske konkurransen Intervju. Hederlig omtale går til Selvisk portrettintervju av Gurk. På en finfin tredjeplass finner vi Lysgaards akrylbilde Åtte år og lei av livet. Nesten opp på pallen rakk MariM `s Grafisk Samtale. Men vinneren er ting som ligger bak henne dukker plutselig opp igjen av Julefortellinger! Vi gratulerer!!! Under finner du svært utfyllende jurybegrunnelser, og noen tips på veien videre.

1. plass

ting som ligger bak henne dukker plutselig opp igjen av Julefortellinger er ei teikning av ei dame med ein kopp kaffi. Verket er ei blanding av teikneteknikkar. Streken skiftar frå å vêre meir fri og ekspressiv, til å bli meir planlagt og i følge etablerte teknikkar for kroki/stilleben. Fargelegginga skiftar også frå å vêre skribla for hand, til noe som liknar bruk av raster-filter i illustrator eller photoshop.

Ein kan kalle det ein samtale mellom teknikkar. Det opnar også opp til

ei samtale mellom bilde og sjåar. Her er usvarte spørsmål. Spørsmåla gjeld den fysiske og overfladiske scena, men óg det psykologiske aspektet:

Den poetiske kvaliteten ligg i det doble i stemninga, psyken, estetikken. Det doble er mellom anna dramatikk v harmoni, og det digitale vs det analoge. Dramatikken kjem av det raude bak vindauget. Er det ein brann? Er det eple? Er det farleg? Er det koseleg?

Poetisk er óg det ubestemmelege andletet, og bruken av brillar. Brillane har symbolverdi i høve syn; kortsyn, langsyn, og noe som dekker til og skapar ei stemning av noe løynd. Brillene er dessutan grafiske element. Dei runde formene er eit blikkfang. Det sett fokus på blikket. Sjåaren blir óg dratt til brillane på ein annan måte: Først ser ein til det raude bak vindauget. Derfrå går det ei linje via frisyra, til andletet. Blikket til objektet går ut av bildet. Kva ser ho på? Dette er bare eit av spørsmåla som sjåaren stiller seg sjølv.

Vi synes óg at bruken av filteret fungerar godt. Vi tenker på slør eller gardin. Det lagar meir usikkerheit, og fleire spørsmål.

Koplinga til tema intervju er subtil, men poetisk. Det blir hinta til at kvinna ikkje er aleine i rommet. Ho er vendt til noen, bøyger seg fram, og er på same tid imøtekommande, og lyttande. Ho sitt også slik ein gjer når det er andre tilstades. Posituren er påtatt, men samtidig realistisk. Vi synes det er godt gjort å få fram det naturlege i det unaturlege.

Blir denne kvinna intervjua, eller intervjuar ho noen? Kva betyr posituren hennar? Sitt ho Her er bare hint av samtale. Ettertanka, og "ting som ligg bak som dukkar opp att" er døme på slike produkt av prat.

Tips mht teikneteknikk, men også bruk av tekst i samband med teikning: Sjå til Kim Hiortøy. Sjå både til teikninger og kortprosa av han (Du kan ikke svikte din beste venn og bli god til å synge samtidig, t.d.). Tips mht det å skape stemning i verk: Sjå filmar og TV-seriar av David Lynch ("Twin Peaks", "Mulholland Drive, t.d.)

2. plass
Åtte år, og lei av livet av Lysgaard er eit portrett av ein gutunge målt i akrylmåling. Virkemidla er sterke, og i form av djupt sentralperspektiv, og kontrastar. Kontrastane er i form av fargar: Bakgrunnen er i blå tonar, og guten i oransje/brune tonar. Dei er óg i form av lys: Bakgrunnen er mørk, framgrunnen lys.

Dette virkar med på å gjere gutungen til eit objekt: Han er eksponert av lys, fargar, og blir sedd, lesen, forstått, tolka. Andletet hans seier mye. Det har enkle former, men viser likevel noe samansett. Formene følger på mange måtar skallen. Ein ser augeholene og kjevebeinet. Og her kjem det kompliserte inn: Ein skal ikkje sjå konturane av skjelettet til unger. Dei skal vêre beskytta av hud og kjøtt. Skallen er blank som hos kreftsjuke. Augene er trøytte. Er han sjuk? Er han åtti år? Er han bare veldig sliten? Var det ikkje for tittelen og undetittelen, kunne objektet ha vore mange.

Men når det er sagt: Vi berømmar likevel tanken bak tittelen, og det å velge "eit gatebarn" som objekt. Vi synes ikkje at Lysgaard følger opp tittelen heilt og fullt. Tema/ objekt "gatebarn" har potensial for å sett vår eigen samtid i perspektiv. Men dette til tross: Ville det vore modig å portrettere ein norsk gut som var lei av livet? Ville det vore interessant å utforske barn som har alt dei treng? Kan også dei vêre trøytte av inntrykk, og trøytte av livet?

For oss handlar bildet m.a. om "å sjå" og gjere noen til "objekt". Vi fekk assosiasjonar til Simone deBeavoir sine teoriar om det å gjere noen til eit objekt. deBeavoir skriv frå eit feministisk perspektiv, og om det å gjere kvinner til objekt. Teorien hennar handlar om at den som ser, også definerer det som blir sett. Lysgaard måler nordmannens perspektiv på "utlandet". Er det kunstnarens perpektiv på det å vêre "turist", og på å eksotisere utlandet? Er det ein skjult kritikk av "turisten"/ observatøren/ intervjuaren?

Når dette er sagt, så tenker vi på stykket som eit portrett, meir enn eit intervju. Portrettsjangaren handlar om å skildre noe som allereie har funne forma si. Intervjuet er ofte meir dynamisk. Tittelen og undertittelen sett dette bildet. Det legg mange føringer på lesinga. Utan disse tekstane, kunne verket vore meir universelt. Det kunne vore eit kva som helst barn; eksponert til kva som helst av inntrykk, historier, osv.

Guten er ramma inn av arkitekturen. Det er nesten som eit isslott, eller på ei bru av Munch. Sjåaren er også på eit vis fastlåst. Det er lite plass for alternative tolkninger, spørsmål, og ein diskurs som går ut over rammane av bildet. Check it out: http://picturesforsadchildren.com/blog/thisisitjerry.png

3. plass:
Med Grafisk samtale har MariM laga eit gjennomført og komplett stykke: Her er grafiske element i form av strek, og vel valgt font. Farga på fonten reflekterar fargar i strekane. Teksten står til teikninga. Ordet "strek" blir sett opp i mot "strekke til", som igjen leiar tankane inn på grensene for representasjon. Representasjon av natur blir óg kalla kunst. Det er grenser for kunst. Kjærleiken har ikkje grensar. Og når vi snakkar om grensar: Vi synes at teksten under/ ved verket sett noen grenser for lesinga av den. Særleg den siste setninga har reduserande effekt. Utan denne teksten, ville teikninga opna for assosiasjonar til mange stemmar: Kvar strek kunne ha vore ei stemme, kvar form eit rom, kvar krøll ein g-nøkkel. Vi synes at det er lyd i teikninga. I øyrene og augene våre, er lyden er oftare musikk, og sjeldnare ord.

MariM har likevel valt å kalle dette "Grafisk Samtale", og gjennomførar stykket innanfor dette premisset. Men vi synast ikkje at premissa som ho sette sette er iambisiøse nok. Vi trur ho kan meir!

Tips: Sjå til kubisme og/eller Picasso! Vi tenkte også at teikninga di har potensial som eksperimentelle teikneserier, og såg på nett etter slike. Vi fann noen sider, men ingen med det "modernistiske"/formmessige fokus. Men, ok, la oss likevel nemne noen av disse', som Crowdad, Modern Cartoons, og Nettserier.

Til slutt noen strøtankar omkring bidraget Selvisk portrettintervju av Gurk. Vi liker vilja til sjølvransaking, og at "sjølvintervjuet" ender i ei scene kor "eg" og "eg" følger etter kvarandre, og ikkje kjem seg unna kvarandre. Kan det sceniske aspektet av teksten bli bygd ut? Kan det også inkludere starten av teksten?

Mette Karlsvik og Rune Hjelmås


Publisert for 2 år, 6 måneder siden av Kristin Øygarden