Lydløs
Last ned filen: Lydløs (4.32 MB)
Kommentarer
-
Dette tykkjer eg er eit supert døme på kor godt tittel og verk kan arbeide saman. For ein bil er berre lydlaus om han står i ro, eller om han er gjengjeve på eit bilete. Det får ein til å lure, og tittelen gjer at sjåaren må gå nokre ekstra rundar meg seg sjølv: Kva er det eigentleg vi ser?
Eit godt verk gjer noko meir enn berre å skildre ein situasjon: Det peiker på noko utanfor objektet som er avbileta, nemlig på seg sjølv. Verket gjer seg synleg som eit verk. Kva vil eigentleg det seie? Eit anna godt døme der tekst og bilete arbeidar saman er avant gardeverket "La trahison des images" (the treachery of images/biletes svik) av Magritte. Om du vil kan du sjå bilete her: http://upload.wikimedia.org/wikipedia/en/b/b9/MagrittePipe.jpg
Under teikninga av ei pipe skriv Magritt "Dette er ikkje ei pipe". Kvifor er dette så fantastisk? Jo, fordi det bryt med den illusjon kunsten tidlegare har arbeid med: At det du ser på bilete er det som vert avbileta. Magritt seier "Dette er ikkje ei pipe" og han har jo rett, for det er jo teikninga av ei pipe vi ser på. Bilete seier: Eg er ikkje ein faktisk ting, eg er eit bilete, og minner oss om at det vi ser på ikkje er ein bruksgjenstand, men kunst.
I ditt høve fungerer det på liknande vis fordi tittelen gjer at ein tenkjer på at eit bilete er nett utan lyd, og fordi ein blir lurande på om det var det kunstnaren tenkte på. Det treng det sjølvsagt ikkje vere: Det kan jo vere kva som helst ho eller han tenkte på, intensjonen får vi gjerne aldri vite. Men tittelen har opna for tvil, og tvil kan vere det mest produktive kunst kan skape.
Dessutan er det eit vakkert, velkomponert foto. Klart fokus, nydeleg komposisjon. Den eine raude bilen som kjører i ørkenen (?), framfor rekka av dei andre (for det er bilar i bakgrunnen, er det ikkje?).
Takk for tvilen, og bilete, og alt!
-
No ser eg at du har skrive at bilete er teke på i ei strand i Danmark. Så mykje for ørkenteorien, der ser ein kor mykje ein kan la seg drive inn i fantasien av eit godt bilete. Uansett, godt jobba!
-
Takk takk :) endelig fikk jeg til tittel (dette sliter jeg med). Var av mange grunner jeg brukte tittelen men selvfølgelig vil jeg la dette være opp til leseren :)
Det er i Danmark ja forran ei rekke med biler som ligger helt nede ved sjølinja. Takk for masse kjekke ord :)




















