Ignatia

Dette verket er kåret til TrafoTalent for august 2008!

Hver måned finner en Trafo-mentor frem til ett bidrag på Arena som kåres til månedens TrafoTalent. Hvert år konkurrerer de 12 bidragene som er plukket ut om tittelen «Årets TrafoTalent.»

Kommentar fra Trafo-mentor

Av mange gode bidrag denne månaden fall valget på filmen "Ignatia" av Stian Skjerping og Adrian Tingstad Husby.

Ein ung gut sit aleine med sine TV-spel. Han får besøk,- av ein dobbeltgjengar. Når han tek initiativ til kontakt, og vender blikket bort frå skjermen, blir den andre borte.

Med enkle og effektive grep skildrar filmen eit viktig tema. Bildet av dei to dobbeltgjengarane i sofaen med skjermen framfor seg er eit sterkt visuelt uttrykk for filmen sine grunnmotiv, einsemd og vanvidd. Også spelet mellom desse to understrekar prosessen i utviklinga mot galskap, og fungerer godt som filmforteljing, sjølv om sjølve avslutninga med fordel kunne vore tona ned og stramma inn ein del.

Musikken står i sterk kontrast til lyden som vanlegvis kjem frå TV-spel .

Dette markerer fint den sterke motsetningen mellom den actionfylte verda spelet freistar å skapa, og spelaren si indre melankolske verd. Filmen fortel ei aktuell historie både med innleving, humor og alvor.

Gratulerer!

Trafo-mentor Odveig Klyve


Kommentarer

  1. avatar for repsej
    1 repsej 3 år, 7 måneder siden

    Bra redigert! Fin film. En invendning er kanskje at den mangler litt komplexitet siden symbolspråket er så sterkt, men det er helt subjektivt.