rastlaus

Kossen går det ann å skrike så høgt at ingen høyrer deg?
Korleis kan du hoppe so langt at ingen rekker ut handa for å hjelpe deg tilbake. Kor langt ned må eg for at nokon skal gidde å skyve dei skitne auga deira på meg. Kor djupt må eg gå. Eg er pompøs, arrogant. Skitten og rastlaus.
Ein har ikkje rett på sanning eller innhald – ”du treng det ikkje”
Det er ingen mystikk i mitt budskap, berre logikk. Lev livet, men ikkje bak et jævla teppe. Dra av deg den jævlige maska, for eg ser berre sminka di, fasadane dine, pisspratet ditt. Eg ser deg bak eit skall av mangel på kunnskap og dumheit. Eg lev, du snur deg vekk. Du dør uansett om du har levd eller ikkje. Livet tar tid, men å leve tar berre vilje. Eg skal dø på grunn av døden, ikkje av livet sjølv.

forvridde tankar

Del på Facebook Delicious Del på del.icio.us Legg til på Nettby

Kommentarer

ingrid storholmen

#1: ingrid storholmen skrev ...

24.01.2010 00:09

Ein særs sterk tekst, som har god kontroll på verkemidlane som vert nytta, fin slutt-setning, mykje sinne, rett utporsjonert. God bruk av lydlege effektar som “mystikk” mot “logikk”. Veldig bra dette, skriv meir. Lykke til, du har talent! Vh Ingrid Storholmen, mentor

Favorittmarkeringer

gurk