2010
8.januar 2010
Farvel alle hindringar!
11.Januar 2010 ( Alt tek slutt, uansett kva eg gjer )
Eg held pusten litt lenger, pressar på
Kysser deg litt lenger, dreg hardare i armen din
Dreg dyna lenger opp over hovudet, held litt lenger fast på drømmane
Alt tek slutt, uansett kva eg gjer.
Spring fortare, held igjen.
Pusten brusar, eg held han inne.
Eg flyttar føttane seinare, for å dra ut tida, eg kjem fram likevel
Dei spring ifrå meg, orda renner ut.
Vatnet tek slutt, det sluttar å regne
Skriket ditt svinner hen.
Timane flyg ifrå meg
Siste beten av skjeva.
Alt endar, uansett kva eg gjer.
Alt har sin slutt.
Alt er plutseleg ingenting, som det eingong ikkje var.
Som om det ikkje fans.
Som det ikkje var til.
Som ingenting
Som Universet
Som du spegelbilde av det eg eingong var, men ikkje er
Som alt.
Alt endar, alt tek slutt
Uansett kva eg gjer
No står eg naken igjen her
Tenkande på alt eg hadde, som eg ikkje har
Redd,
for det som er, er ikkje det som var, eller motsatt
Eller baklengs.
Total sympati for det som vil bli, men ikkje er.
Eg er redd deg
Du fins ikkje lenger
Likevel fortsetter det heile, utan noko slutt, eller byrjing
Det er slutt, det er start
Evigvarande.
Eg vil leve, endelaust.
Endelaust i universet.
13.Januar 2010
Ord er bare ord, men så mykje meir
Det blikket du har gjer vondt
Faen
Konfrontasjonar
Retorikk
Mosaikk
Politikk
Berre drit.
14.Januar 2010 ”Hjelp meg å leve”
og eg tenker at det berre er ditt ansikt,
og ikkje noko meir.
alt er frå noko fjernt.
og eg vil ikkje hugse
eg angrar ikkje på det eg gjer
ingen anger, nesten ingen samvittighet
eg angrar ikkje
du trur meg ikkje
eg lurar på om eg skal gløyme alt, lære alt på nytt.
Det går ikkje, minna vil ikkje ut av hovudet.
Eg prøvar å starte om igjen med klare tankar – eg prøvar
Det er spikra inn i sinnet
Eg gjømer meg for meg sjølv, innerst inne
Skjuler alt eg er, og var
Gjømer meg yttarst i systemet, der alle kan sjå meg
Eg er ikkje gjømt, men du kan ikkje sjå meg.
Skjult, for alt og alle, revansj! Revansj!
Eg vinn ikkje, revolusjonen kom ikkje.
Falsk glede. Kva er det?
Eg trur det er den einaste gleda eg har
15.Januar 2010
Desse menneska som skal læra meg alt, kan det ikkje. Har tankar eg ikkje skal ha, ikkje vil misbruke. Du seier dei høgt, forbannar deg, forbarmar meg på deg. Eg elskar deg, ikkje for den du er, men den eg trur du er. Ein illusjon, vagt i minne, kan eg mimre om kva eg var, kva eg brukte, det er aldri enkelt. Eg er den eg er, og likar det ikkje. Ein er eit resultat av menneske ein ikkje kjenner, ikkje vil kjenne seg ved. Det brenn, det skal viss det. Desse menneska som skal læra meg om verden har aldri hatt den, dei har total misforstått. Så jævla forbigått, vedkjenn ditt nederlag, ditt bedrag. Du hatar mange.
16.Januar 2010
du kan dra galskapen lenger enn du trudde var mogeleg.
Men eg er brukt opp.
17.Januar 2010
Bileta av alt eg kunne hatt snurrar rundt i min skalle, forvist. Eg ser på desse folka som er alt eg var, alt eg ville bli. Sjalusi er noko feministisk sa du. Alt eg snakkar om på fest. Alt me diskuterar, det kjem til nytte. Gud sa du, var haldpunktet i ditt liv. Ikkje i hans, det kunne bli eit problem. Du slår meg ned. Du fortsett. Alt dette eg er nøydd til å fordøya, berre fordi. Eg sendte brev, mail, tankar. Det hjelpte ikkje. Du er den du var, same kva. Ein kan kle seg i andre kle, seie andre ord, framleis blir du bura saman med mor. Alt dette til inga nytte. Bur meg inne, du er fjorten år. Eg er tretten.
18.Januar 2010
Eg ser deg i spegelen, din egoistiske faen. Du e faen ikkje pen. Eg hadde aldri tatt i deg. Fysj. Du er den fyrste eg har tatt på grunn av meiningane dine, tinga du har gjort. Alle dei tinga du har oppnådd, aldri skjedd før det. Men faen du er stygg. Det kjem aldri til å skje igjen, og til helvte med deg. Helvete er satan ikkje det same som helvetica.
19.Januar 2010
I dag er snart i morgon. I morgon er snart i går.
Dagar vert år, månadar det same.
Alt e så jævla opent, så relativt. Alt sluker alt, alt slukar meg.
20.Januar 2010
Alt er nytt, alt er gamalt. Alt er blitt fortalt. Kva slags tidsalder er det me lev i?
Eg har ingenting å tilføya.
Ingenting nyskapande. Me er alle dei same, kategoriserelige folk.
Alt er gamalt alt er nytt. Alt er det same, ingenting kan tilføyast. Det er brukt.
Korleis kan du forvente at eg skal snakke med deg i edru tilstand, når du berre kan lyfte glaset ditt mot meg i din mørkaste rus?
21.Januar 2010
Eg er der, men har ingenting å tilføye
Det er når du vil gå heim, du bør bli. Tøy alle grenser, du nokon gong har set. Slepp deg fri, i eit fanga landskap. Du har tvangsskjorte på, mens du hiv deg utfor eit stup – kom deg ut.
22.Januar 2010
Alt vert annleis.
23.Januar 2010
Dei skamlause dansane, dei forvirrande dansane. Eg hugsar ingen ting. Eg elskar det.
Eg snurrar rundt i valsen med deg, skjemmer meg ut. Eg kjenner ikkje denne personen eg held i handa. Eg bryr meg ikkje. Det er herleg å leve, herleg å leve. Eg angrar ikkje det grann. Men eg veit eg burde, når ein ikkje lev, lev ein so jævla feil når ei fyrst byrjar.
Deg i deg, er ingen deg. Ingen person, eg snakkar til alle uvitande jævlar. Til meg sjølv. Eg trudde eg kjente meg sjølv, men i går, i går, motbeviste eg meg sjølv so jævlig. Eg hugsar ingen ting, eg hugsar alt. Verda har fortalt, at eg elskar livet.
2010
Del på FacebookKommentarer
#3: neitt skrev ...
28.01.2010 23:12
mätte: eg har fått anbefalt boka før, og har endeleg tatt meg tid til å lese ho. Skugge er ein bra forfattar men personleg får eg ingenting ut av “Men mest av allt vill jag hångla med nån (Linda Skugges dagbok 91-93)” eg likar ikkje måten ho skriv på, har lest ei anna bok av henne og den likte eg betre, men for meg personleg overbevis ho ikkje.
#1: ingrid storholmen skrev ...
24.01.2010 00:13