Du vet ikke hva kulde er, før du mister noen

Dette verket er kåret til TrafoTalent for november 2009!

Hver måned finner en Trafo-mentor frem til ett bidrag på Arena som kåres til månedens TrafoTalent. Hvert år konkurrerer de 12 bidragene som er plukket ut om tittelen «Årets TrafoTalent.»

Kommentar fra Trafo-mentor

Det finnst eit trafomedlem her inne som er eit talent. I løpet av eit par veker, la ho ut tjue bidrag. Alle var gode. Ingen var dårlege. Men ingen var perfekte heller. Det er ein av grunnane til at det var så vanskeleg å velge "månadens talent" for januar. Det finnst eit bidrag i Arena, som er heilt sjukt bra. Men det skal vi komme tilbake til, i slutten av denne presentasjonen. Det bidraget er nemleg ikkje laga av Gurk. '

Men månadens talent kan ikkje vere noen andre enn Gurk. Bare ho har, i løpet av januar, laga tjue, solide verk. Det eine blir betre enn det andre. Verket som eg vel til å representere Gurk, er ein lyrisk korttekst på ei lita side. Teksten er sett utandørs, i noe som virkar som eit urbant rom, om vintaren. Det handlar om ein gut, og ei jente. Dei er ikkje så langt i frå kvarandre, reint fysisk. Men det vi får vite om tankane deira, viser at dei er fjerne frå kvarandre, på andre måtar. "Ho" har misforstått "han". Eventuelt så har "han" kommunisert dårleg til "ho".

Eg skal skildre vinnarbidraget i større detalj i slutten av denne presentasjonen. Men først skal eg sirkle meg inn på det, gjennom å skildre noen av dei andre bidraga til Gurk denne månaden. Eg vil ta utgangspunkt i dei sidene ved dei andre bidraga, som reflekterar vinnarbidraget.

Om dei tinga Gurk er god til
1. Vinnarbidraget har aspekt av det surrealistiske. Det er noe her eg ikkje skjønner. Vinnarbidraget har litt av det. Men det aller første bidraget hennar har mye av det. Det heiter "Heng fra deg frakken". Diktet handlar om mødre, og kjem aldri attende til frakke-bildet. Ikkje konkret, i alle fall.

  1. Vinnarbidraget er scenisk. Det tidlege bidraget Bipolare polfarere er kanskje enno meir gjennomført scenisk. Vi blir med ein gong sett i scena: på eit kontor, med ein bleik lege. Denne har potensial for å bli veldig god, med noe redigering på språkplanet.

  2. Bidraget har anslag av å vere ein klassikar: Kvifor har ingen, før Gurk, brukt smelte - fryse - bildet på denne måten? Kvifor har ingen, før, sett potensialet som ligg i å bruke den konkrete scena til å skildre eit mogleg sjølvmord?

Gurk har også andre klassikarar. Det gjeld til dømes kortdiktet Fru P. Også dette er ei perfekt punchline. Ta patent på dei, Gurk! Dei ventar bare på å bli brukt! "Fru P" kjem veldig, veldig høgt opp i konkurransa om å vere det aller beste bidraget. Men dette diktet har potential til å bli bygd ut.

  1. Vinnarbidraget har ikkje metaforar, men bruker symboltunge rekvisittar. Gurk gjer dette til en ekstrem grad i diktet S. Her gjennomfører ho metaforbruken i heile teksten.

Litt meir om dei andre, gode bidraga hennar
Eg vel Gurk til "månadens talent" fordi ho klarar mange sjangrar, kan skrive frå mange slags synsvinklar, og beherskar fortellarar som ligg langt frå seg sjølv. "Seg sjølv" er ei jente på atten år. Hovudpersonane til Gurk er ei enke på over femti, den deprimerte bakaren "Endre", ei mor. Mellom andre. På den måten skriv ho seg inn blant dei beste av våre unge forfattarstemmer; dei som ikkje skriv om navlen sin, men som løftar hovudet, og ser omkring seg. Gurk skriv sympatisk, humant, og med eit menneskesyn og ein varme som noen gonger gjer at eg må svelge, og halde meg frå å bli for rørt.

Dea viser at ho kan å lage psykologiske portrett. Grenseløs viser at ho kan reflektere, og vere meir essayistisk. Enkens venninne var ein favoritt, og nær ved å komme heilt øvst. Det er ein openbar distanse mellom hovudperson og forfattar. Forfriskande, modig, klokt, innsiktsfullt. Denne teksten seier mye om det å vere menneske, og at ein er menneske, og ikkje ungdom eller pensjonist. Med meir språkarbeid, så ville denne teksten sigla opp som månadens beste.

Meir om "Du vet ikke (...)
"Du vet ikke hva kulde er før du har mistet noen" er ikkje det beste av alle bidraga til Gurk. Men det er det av bidraga som har litt av alle dei tinga som Gurk er god til:

Det er scenisk, og er eit presist, poetisk nedslag, utan å vere pretensiøst. Her er nemleg ikkje abstrakte metaforar, men symbolsterke, konkrete bilde. Det konkrete bildet er is og snø. Ho abstraherar det ikkje. Snøen, isen er som frose gjennom heile teksten:

"Ho" opplever fråver av varme og kjærleik.

Det fryst til omkring ho. Ho sitt fast. Ho rykkar i, og vil hoppe utanfor ein kant.

"Han" nærmar seg. Det viser seg at han er glad i ho, og at det har vore misforståinger.

Det blir varmare. Isen om føttene "hennar" smeltar.

"Det blir iskaldt".

Meir får vi ikkje vite. Språket er skore ned til beinet. Nake og kaldt.

Vivenka
Dei gode administratorane våre gir meg lov til å kåre "eit talent", og ikkje bare "eit bidrag"."Gurk" blir "månadens talent" for januar, trass i at Aktivist er er eit perfekt enkeltbidrag. Vivenka har, i fleire månadar, vist seg som ein skarp tenkar, eit godt auge, og har valgt tema som har passa med virkemidla hennar: Råkka tema, råkka virkemiddel.

Men eit av bidraga hennar frå januar, viser ein Vivenka som har kommet uendeleg langt. Temaet er framleis råkka. Det er "aktivisme". Men det er ein type sakte rock. Sitte ned - demonstrasjon. Den er foreviga med eit kamera som heiter Lomo. Det er eit klassisk russisk kamera. Estetikken er vanlegvis retro, rett og slett. Men med hjelp av fisheye-objektiv, har Vivenka fått til eit sirkelforma bilde. "Aktivist" liknar pinhole - fotografi. Pinhole - fotografi er ein av dei mest tidskrevande formar for fotografi. Mens tidlegare Vivenka-bilde har hatt ein harmoni mellom tema og form, er her eit lite kontrapunkt. Såvidt paradoksalt. Men framleis samanhengande nok til at ein skjønnar kva det handlar om.

Asor Ave, Mytevesen, Miriamfeyling
Asor Ave tar også nydelege bilde, og er jamnt god, heile tida. Mytevesen lagar sexy ting. Miriamfeyling skriv også jamnt godt. Sannhetens øyekrok er nydeleg, og viser sans for poesi, det åpne, det litt surrealistiske. Enslige sammen er også en fin tekst.

Plakaten til Bit er ein klok og proff stilisering av gatekunstestetikk. Dette bidraget ville ha kommet heilt til toppen, om det ikkej var for at bidragsytarane er ein blanding av trafomedlem og eksterne formgivarar.

Prosjektet 2010 har veldig mye godt i seg. Det kunne ha vore ein vinnar, om forfattaren dro ut det beste, og formidla det til lesaren. Forfattaren kan med fordel bruke noen fleire litterær virkemiddel, og hjelpe lesaren sin litt meir gjennom teksten.

Skryt også til Endrina og Boho, for fine fotos, og til Aubrey. Og gratulere, igjen, til Gurk. Eg kan ikkje sjå anna enn at det skal bli ein skrivar av deg!

Mette Karlsvik

Du

Kommentarer

  1. iselinpg
    1 iselinpg 1 år, 12 måneder siden

    Det som er så gjennomført bra med denne teksten er at den er forutsigbar med vilje og likevel har en sterk slutt. Den er hard, og jeg liker det. Teksten inspirerer følelsen av frykt i meg.

    Det andre i teksten og tittel kan kanskje jobbes med, men slutten gjør teksten nesten til en fulltreffer alene.

  2. gurk
    2 gurk 1 år, 12 måneder siden

    Takk:) Veldig hyggelig at du tar deg tid til å lese og kommentere! Tittelen blir nok som den er, men jeg er enig i at det andre i teksten så absolutt kan jobbes med, -jeg er på saken!!

  3. gurk
    3 gurk 1 år, 11 måneder siden

    Tusen takk:D For en gledelig overraskelse!!

    Tusen takk, Mette Karlsvik, for ros og inspirerende ord!

  4. vivenka
    4 vivenka 1 år, 11 måneder siden

    For det første: jeg -elsker- denne setningen: "(...)men hun blir sittende fast i snøen" - det er estetisk, poetisk og har dobbeltmening. Jeg elsker det fordi man fysisk ikke kan henge fast i snøen. Godt jobba, Gurk!

    For det andre: takk for igjen å bli nevnt, og spesielt i de så grader positivt. Det er oppmuntrende og inspirerende! Og jeg kommer snart tilbake med mer, det må bare bli ferdig først.

  5. mtte
    5 mtte 1 år, 11 måneder siden

    Iselin, det som du kallar "føreseieleg", kallar eg "klassisk"/ heilt fordi det er så fullkomment. Ein kan seie at det er for fullkomment, og altså føreseieleg. Men verdas første rose, eller verdas første slipne diamant gjorde nok inntrykk dei óg. Eg vil hevde at fleire av tekstane til Gurk har potensial mot å vêre gullkorn.

    Lykke til, alle tre!

  6. iselinpg
    6 iselinpg 1 år, 11 måneder siden

    Mätte: Jeg sier til Gurk at det “forutsigbare” er gjennomført bra i teksten, (gjennomført = fullkomment) og det er en flott kontrast til slutten. Jeg ser ikke på forutsigbarhet som noe negativt, men vanskelig å utføre vellykket. Jeg synes det er flott når en kan skimte hva som kommer til å skje allerede i “første avsnitt”, for så å se hvordan forfatteren tar oss dit. Jeg ser det som vanskelig å utføre vellykket i at det kan være vanskelig å likevel beholde spenningen/stemningen, så kudos til Gurk, som sagt.

  7. juliepusi
    7 juliepusi 1 år, 10 måneder siden

    Wow.. Jeg ble så rør når jeg leste denne teksten ! Du skriver utrolig bra.. Ivertfall etter min smak :)