vi
Dette verket er kåret til TrafoTalent for mai 2011!
Hver måned finner en Trafo-mentor frem til ett bidrag på Arena som kåres til månedens TrafoTalent. Hvert år konkurrerer de 12 bidragene som er plukket ut om tittelen «Årets TrafoTalent.»
Kommentar fra Trafo-mentor
Det ei glede å kunna utpeike teksten vi av ettertanke til månedens TrafoTalent i mai.
Dette er ein kort prosatekst som skildrar ein tenkt, kollektiv tilstand der "vi" blir rennande, som vatn gjennom røyrsystem og kloakk. Det er eit poetisk tankeeksperiment, der setningane flyt etter kvarandre nedover sida og nærmast mimar rørslene til vatnet. Teksten har eit rytmisk drag, noko lett suggererande, og klare bilete blir skapte av eit i utgangspunktet abstrakt materiale. Det er lett å sjå føre seg den gamle mannen som bekymra står og lyttar til den sildrande lyden bak veggen, og det siste biletet i teksten - dei inntørka seinsommar-manetene - er ei sterk avslutning som vrir og opnar teksten for lesaren. Styrken til teksten som heilskap er då også først og fremst måten han får fram ein tilstand, ei kjensle, ei tankerekkje på. Det er ikkje opplagt kven "vi" er, men kanskje kan ein tenka seg at det er forfattaren og lesaren i lag, at ein som lesar blir trekt med gjennom vassrøyra når ein les denne teksten.
Den som vil kan gjerne gå inn og tolka vidare - er førestillinga om det rennande vatnet kanskje eit bilete på ein menneskeleg tilstand av noko i rørsle; vagt, flytande, udefinert? Å ikkje vita kor ein er på veg, men lata seg føra med straumen? Det fine med vi er imidlertid at teksten også fungerer utan noko form for tolking, det som står utskrive på linjene er meir enn nok. Det er rett og slett ein god tekst som er enkel og rask å lesa, og som nesten umerkeleg festar seg i minnet.
Last ned filen: vi (0.01 MB)














